Historie

Forsamlinga på Emblem bedehus har røter frå lekmannsrørsla på 1800-tallet, med røter attende til både Hans Nielsen Hauge og ikkje minst den svenske vekingsforkynnaren Carl Olof Rosenius.

Kristenfolket på Emblem bygde sitt første bedehus i 1902. Trufaste kvinner og menn, med brann for indre- og ytremisjon, har lagt grunnlaget. Dagens bedehus er numer 3 i rekkja og sto ferdig innvigd i 1989 etter fem år med dugnadsarbeid.

Eit rikt foreningsarbeid for indremisjonen og  andre misjonar har vore grunnmuren.

Emblem Indremisjon har gått ein lang veg og hatt mange nyttige prosessar gjennom fleire år. Resultatet er at forsamlinga i dag har fått ein  identitet som eigen forsamling/kyrkjelyd. I 2014 blei namnet endra til Emblem bedehusforsamling.

Emblem bedehusforsamling er  tilslutta ImF Sunnmøre og Indremisjonsforbundet (ImF).